Europeos.es : Inicio > Oferta de empleo en Noruega > auxiliar de enfermería > Sommarvikarar I Pleie- Og Omsorgstenesta 2024

en Español in English auf Deutsch en Français ...

Sommarvikarar i pleie- og omsorgstenesta 2024. Innlandet

Ofertas en Innlandet (Noruega) de auxiliar de enfermería

Clasificación del trabajo: Trabajadores de los servicios y vendedores de comercios y mercados › Trabajadores de los cuidados personales › Trabajadores de los cuidados personales en servicios de salud › Trabajadores de los cuidados personales en instituciones › técnico de atención sociosanitaria/técnica de atención sociosanitaria › auxiliar de enfermería.

Traducción de la profesión: Service and sales workers › Personal care workers › Personal care workers in health services › Health care assistants.

Descripción de la oferta de trabajo:

Vi søkjer etter deg som er sjukepleiar, vernepleiar, helsefagarbeidar, eller deg som har erfaring frå/interesse for arbeid med eldre. Har du arbeidserfaring frå eit anna fagfelt, og vil nytte høvet til å prøve noko heilt nytt, høyrer vi gjerne frå deg. Om du er student eller elev på vidaregåande skule innan helsefag- eller pedagogisk utdanning, er du hjarteleg velkomen til å søkje hjå oss i Skjåk kommune. Er du interessert i matlaging, eller går utdanning innan restaurant og matfag, er du velkomen som søkjar på kjøken. Vi søkjer etter deg som er ansvarsbevisst, har evne til å arbeide sjølvstendig, blir motivert av å arbeide med folk og å gje andre ein betre kvardag.

Vi oppmodar begge kjønn til å søkje.

Aktuelle tenester

Pleieavdeling

  • Skjåkheimen er ein sjukeheim der bebuarar har fast plass eller har opphald over ei kortare periode. Eksempel på oppgåver her er å gje bebuarane hjelp til naudsynte gjeremål i kvardagen, som personleg stell og måltid. På Skjåkheimen vektlegg vi gode samtaler og aktivitetar, og å leggje til rette for ein god kvardag for dei som bur der.

Kjøken

  • Er du utdanna kokk og ynskjer å jobbe hjå oss i sommar, blir du sett inn i kokketurnus med alle arbeidsoppgåvene som er på kjøkenet.
  • Dersom du skal inn som assistent blir du sett til daglege arbeidsoppgåver på kjøkenet som reinhald, oppvask og skrelling. I tillegg assisterer du kokkane på kjøkenet med ulike arbeidsoppgåver.

Heimesjukepleia

  • I heimesjukepleia møter du brukarar som treng hjelp og støtte i sin eigen heim. Oppgåver her kan vere hjelp til stell og personleg hygiene, samt tilrettelegging og bistand ved måltid.

Praktisk bistand (heimehjelp)

  • Som heimehjelp i praktisk bistand hjelp du brukarar som treng hjelp til vask og stell i eigen heim. Nokre kan og trenge hjelp til stell og personleg hygiene.

Kvalifikasjonar

  • Det er krav om godkjent politiattest av nyare dato for alle sommarvikarar
  • Det er eit ynskje at du kommuniserer tydeleg på norsk, både munnleg og skriftleg

Søkjarar over 18 år vil bli prioritert.

Vi tilbyr

Ved sommarjobb i kommunen vil du få ordna arbeidstid med gode arbeidsvilkår, opplæring og moglegheit for allsidig erfaring på ein arbeidsplass i utvikling. Vi har mange utfordrande og varierte arbeidsoppgåver. Du vil få mange dyktige og engasjerte kollegaer. Kommunen kan hjelpe til med bustad ved behov.

Opplæring vil bli gjeve. Nye vikarar blir kontakta og invitert på besøk før oppstart.

Du kan gjerne skrive i søknaden kva for område du ynskjer å arbeide i. Arbeidstid er etter gjeldande turnus med arbeid i inntil annankvar helg, og primærarbeidsperiode er frå veke 26 til og med veke 33. Det er ynskje at du set opp i søknaden dersom du må ha fri til bestemte dagar gjennom sommaren.

Spørsmål om stillingane kan rettast til Ingvild Mork mobil 489 97 924.

Søknadsfrist 22. februar 2024

Kommunedirektøren

Om arbeidsgiveren:

Skjåk kommune er ein spennande fjellkommune som ligg øvst i Gudbrandsdalen. Kommunen har ca 2200 innbyggarar med kommunesenteret i Bismo. I Skjåk er det eit variert næringsliv innan industri, handel, reiseliv og tenesteyting. Ny barne- og ungdomsskule, barnehagar, godt utbygde helse- og omsorgstilbod, idrettsanlegg med symjebasseng, hall og friidrettsanlegg, kulturskule, bibliotek, skianlegg og mykje meir. Industri, landbruk og handverksbedrifter tilbyr moderne og tradisjonsrike produkt. Skjåk samarbeider tett med kommunane både aust- og vestover. I Skjåk har vi ein køfri kvardag med tilgang til fantastiske natur- og fritidsaktivitetar. Breheimen og Reinheimen nasjonalpark gjev moglegheiter for varierte naturopplevingar. Her kan du dyrke aktivitetar som fotturar, sykling, elvepadling, juving, toppturar på ski, fiske og jakt.

País del trabajo: Noruega.

Región: Innlandet.

Ver 125 ofertas de trabajo en "Innlandet" (Noruega).

Número de puestos: 5.

Empleador: SKJÅK KOMMUNE SENTRALADMINISTRASJON.

Instrucciones para solicitar:

Oferta de trabajo obtenida del portal Eures, con fecha 22 de Febrero de 2024, y con identificador de la vacante:3a4823df-65cc-4289-aab5-25aeef07eb6c.

Ver las 377 ofertas de trabajo de Trabajadores de los servicios y vendedores de comercios y mercados › Trabajadores de los cuidados personales › Trabajadores de los cuidados personales en servicios de salud › Trabajadores de los cuidados personales en instituciones › técnico de atención sociosanitaria/técnica de atención sociosanitaria › auxiliar de enfermería ofertadas.

Ofertas de trabajo similares: